Fra kirkegårdsvandring på Evje.
Fra kirkegårdsvandring på Evje.

Fra kirkegårdsvandring på Evje.

Fra kirkegårdsvandringen på Evje.

Sogelaget arrangerte vandring på Evje kirkegård, søndag 28.september.

Erik Kjebekk og sogelaget tok initiativet til kirkegårdsvandring på Evje kirkegård. 
Det ble ønsket velkommen før turen gikk ut på kirkegården til 4 utvalgte gravsteder som ble omtalt.

Geir Daasvatn
laget en flott artikkel på moisund.com, med tekst som siteres her:

"Søndag 28. september baud Evje og Hornnes sogelag inn til kyrkjegardsvandring ved Evje kyrkje.
Det vart to spennande og rørande timar for dei rundt 50 som møtte fram.

Vandringa starta ute på kyrkjegarden. Den nye leiaren i sogelaget, Erik Kjebekk, fortalte om Siri og Knut Åvitsland. Begge var fødde i 1887. Dei fekk borna Tellef, Gunnhild, Nils og Ådne. Alle tre sønene døydde av tuberkulose i løpet av to år. 
Yngstesonen Ådne døydde i mars 1944, før han nådde å fylle 21 år. Eldstesonen Tellef døydde på hausten same året, berre 33 år gamal. Nils levde litt lengre, til 1946, men var berre 28 år då han døydde. Faren Knut levde til 1952, og mor deira Siri heilt til 1974. 
Det siste bornet, Gunnhild, døydde i 1969. Ho døydde altså óg før mor si. Det var ei sterk historie Erik la fram om den hardt prøva familien.

   

Me vandra vidare og stogga ved ein liten stein som ikkje lenger stod på grava, men var sett vekk ved steingjerdet rundt kyrkjegarden. Ingeborg Kornbrekke stod det på steinen. Ho var fødd i 1865 og døydde i 1961. 
Ikkje mange hugsar henne lenger. Nokre få minnast kanskje at eit av namna på minnesteinen utanfor kyrkja over dei falne under 2. verdskrigen er Jahn Iver Kornbrekke. Det var sonen til Ingeborg. 
Aud Helene Austegard fortalde med stor innleving om det strevsame livet Ingeborg hadde gått gjennom. Ho reiste til Amerika og mista ektemannen sin der. Ho måtte då reise attende til Noreg og Evje med den vesle sonen sin, Jahn Iver. Aud Helene kunne fortelje at Ingeborg var ei utruleg strevsam og pliktoppfyllande mor, som gjorde alt det beste ho kunne for den vesle guten. 
Dei budde i Jokelid-huset på veg oppover mot Flåt-gruva. Men ein dag i 1944, ikkje så lenge etter at Jahn Iver var vaksen, kom presten til Ingeborg med den triste bodskapen om at han var død i krigen. Han var krigsseilar, og omkom på sjøen. Han blei berre 25 år gamal. Me var nok mange som stod der på kyrkjegarden med ein klump i halsen då Aud Helene fortalde den triste historia med stor innleving.

  

Erik leidde oss vidare bortover kyrkjegarden, til gravstøttene etter Nils S. Galteland (1818-1885) og kona Anne Torsteinsdotter (1813-1881), og rett ved sida av dei Salve N. Galteland (1843-1932) og hustrua Kjersti T. Galteland (1842-1924). Olav Kiland fortalde om slekta frå Galteland og alle eigedomane deira i bygda. Ei tid åtte familien grunnen i store deler av Evje-området. Olav heldt foredraget sitt i eit lunt tonelag og med humoristiske innslag.



Den siste stoggestaden før me gjekk inn i kyrkja, var også ved ei gravstøtte som stod opp etter kyrkjegardsmuren. Det var minnesteinen etter Hans og Anne Raustøl. Hans var skreddar og fødd i 1867. Anne var fødd i 1869. Dei budde på Røyrtveit på veg oppover mot Gautestad. Bernt Gautestad fortalde så fint om livet deira der oppe på heiegarden.
Diverre er husken min ikkje god, så eg kan ikkje gje att så mykje av det som vart sagt om desse slitarane.
 

Etter den interessante og gripande rundturen ute på kyrkjegarden, baud Erik Kjebekk oss inn i kyrkja. Der fortalte først Sigmund Monen om Evje-garden langt tilbake i tida – før kristen tid. Han meinte Evje truleg var eit hovdingsete i denne tida. Om lag der kyrkjegarden i dag ligg, skal det ha vore ein heidensk gravplass. Det er rester og spor etter mange gravhaugar elles i området. Mellom anna står dei kjende furutrea «Dei 12 apostlane» oppå ein gravhaug. Det skal også vere restar av ein gravhaug under minnestøtta over dei falne som vart reist etter 2. verdskrigen. I dag veit me at det har gått mange vegar gjennom dette hovdingsetet.
  

Ingvard Østerhus tok over etter Sigmund, og fortalde på ein humørfylt måte om kyrkjene som hadde vore på staden opp gjennom tidene, og nokre av prestane som hadde tent her. I 1327 er ei kyrkje i Evje nemd for første gong i skriftleg materiale som me kjenner. Det finst og kjelder som taler om ei stavkyrkje i 1662. I 1833 vart det sett opp ny kyrkje. Men ho vart nedriven att alt i 1890, før dagens kyrkje blei sett opp i 1890-91. Det var utruleg mykje interessant Ingvard hadde å fortele, både om dei ulike kyrkjebygga som hadde stått på staden og prestane som hadde predika i kyrkjene. Men det ville føre for langt å ta med alt her. Ingvard opplyste at han hadde lese gjennom manuskriptet til Olav Arne Kleveland sitt stykke om kyrkjene i Evje og Hornnes, som var meint å skulle med i det tredje bindet av kultursoga for bygda. Det er ifølge Ingvard eit overmåte interessant stykke, som alle kunne glede seg til å få lese ein gong i framtida.

Til sist denne fine ettermiddagen viste Ivar Haugen bilete. Mange av desse var frå Alf Georg Kjetså si rikhaldige biletsamling. Me fekk sjå dagens kyrkje i ulike variantar, bilete ute frå kyrkjegarden, fine konfirmantbilete og mykje anna interessant lokalhistorisk stoff.
  

Kyrkjegardsvandringa vart avslutta med kaffi og kaker i kyrkja. Dei frammøtte hadde mykje å tale om. Det var eit svært interessant og givande arrangement sogelaget hadde stelt i stand. Ei stor takk til alle dei som var med og gjorde dette til ei god og lærerik oppleving".

Tekst av Geir Daasvatn. 


Del denne artikkel på e-post

Del artikkelen.