Kick-off 2018

Kick-off 2018

Kick-off med konfirmantane.

Laurdag den 1. september var konfirmantane frå Bygland og Evje og Hornnes-konfirmantane med på eit såkalla Kick-off.

Det var frammøte på TrollAktiv på Syrtveit allereie klokka 8.45. Litt småkjøleg var det om morgonen, men snart fekk sola tak, og det vart ein riktig fin septemberdag.

Programmet starta med rafting. Ført var det øving på korleis ein skal te seg i ein gummibåt nedover stryka i elva. Så bar det utfor, to gonger til og med. Alle kom velberga og smilande ned. Denne delen av programmet vart avslutta med stuping i det behagelege elvevatnet. Så var det pause med nistepakke og ein andakt.

Neste post på programmet var ein kanotur frå Syrtveit ned til Evjetun. Her var også ein pause undervegs med bollar og brus og andakt. Presten hadde med seg to av konfirmantane i kanoen sin. Og jammen klarte de å velte, midt i elva! Men alt gjekk bra, og det vart bare latter og gama ut av det heile.  

Vel framme på Evjetun gjekk vegen vidare til fots til Evje prestegard. Undervegs fekk konfirmantane eit innblikk i bibelsoga om Israelsfolket si utferd frå Egypt.

I prestegarden venta grillpølser og anna god mat.

Dagen vart avslutta med ei samling i Evje kyrkje. der var dei med på eit spel som heitter "Blindebukk i Kyrkja". 

 

Klikk på bildet her under for å sjå bilder frå dagen. 

 

 


Del denne artikkel på e-post

Del artikkelen.