Skattejakt i prestegarden.

Skattejakt i prestegarden.

Frå Skattejakta i Evje prestegard. 

«Skattejakt i prestegarden» er eit nytt og lokalt utvikla trusopplæringstiltak. Målgruppa er dei som no har starta i 6.-klasse i Bygland og Evje og Hornnes.  

Det var frammøte sundag klokka elleve i Evje prestegard. Det første vi gjorde etter å ha lært kvarandre å kjenne, var å førebu kyrkjekaffien. To kaker skulle bakast. Eplekake og sjokoladekake. Eplekaka vart laga av eple frå prestegardshagen, så da var det berre ut og plukke eple og inn og skrelle og dele dei opp. Så var det å blade mel, egg og sukker og alle dei ingrediensane som skulle til. Og resultatet vart heilt eineståande. Så å seie alt vart ete opp på kyrkjekaffien.

Så var det tid for formiddagsmat. Det var pølser grilla på bålpanne.

Deretter var det til med sjølve skattejakta. Sidan vêret var utrygt, var alle postane innandørs i alle dei husa som finnast på prestegarden. Deltakarene fekk utdelt eit ark der det var forklart kor dei kunne finne postane. Dei forskjellige postane hadde symbol som dei skulle knytte nokre tankar til. Symbola var: Hjarte, kross, lys, vatn og kyrkje. Den siste posten var skatten. Det var … (Hemmeleg!!!) Så var det å gjere klart til gudsteneste med blomar frå prestegardshagen, og pynte alteret med blomar og lys. Deltakarane var aktive i gudstenesta med forskjellige innslag. Preika bestod i å gå gjennom svara som deltakarane hadde skrive ned undervegs i skattejakta.

Men kva er den største skatten av dei alle? Den kan ikkje kjøpast med pengar eller puttast i lomma.

Lat oss avslutte med Paulus sine ord i Korinterbrevet, i kapittel 13:

Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Kjærleiken er den største skatten vi menneske har fått i gåve frå Gud.

 

Ved å klikke på biletet under kan de sjå nokre bilete frå skattejakta: 

 

 


Del denne artikkel på e-post

Del artikkelen.