Kristine Borgen innsatt som prest i Evje og Hornnes den 23. september 2018

Kristine Borgen innsatt som prest i Evje og Hornnes den 23. september 2018

 

 

No er Kristine Borgen både ordinert som prest i kyrkja

og innsatt som prest i Evje og Hornnes kyrkjelyd. 

 

 

 

Det var Lindy Eidem, som er leiar i Evje og Hornnes sokneråd, som starta gudstenesta i Evje kyrkje denne dagen med å lese biskopen si helsing til kyrkjelyden der han mellom anna bad oss om å ta i mot henne i kjærleik, bere ho fram i bønene våre, og stå saman med henne i tenesta.

Kristine Borgen er nå tilsett i to 50 prosent stillingar, den eine som kyrkjelydsprest i Evje og Hornnes, og den andre som vikar for sokneprest Rune Stormark.

Arbeidsområda som kyrkjelydsprest blir i første rekke innan trusopplæring og konfirmantarbeid. Ho skal også ha ansvar for trusopplæringa for born og unge i Bygland.

Kristine går også inn i ein turnus med tenesteveker med gravferder saman med prestane Rune Stormark og Kjell Steinbru i tenestedistriktet som omfattar Evje og Hornnes og Bygland.

Kristine Borgen vart ordinert (vigsla) til presteteneste i Den norske kyrkja av biskop Stein Reinertsen den 23. august i år i Vennesla kyrkje. Kristine har ein allsidig bakgrunn, og har hatt ein lang og til dels krunglete veg fram i mot presteteneste.

Ho vil nok kome til å vere til framifrå hjelp og støtte for alle i både glede og sorg.

 

 


Del denne artikkel på e-post

Del artikkelen.