Om kyrkjebladet "Ljosglimt"
Om kyrkjebladet "Ljosglimt"

Om kyrkjebladet

Kyrkjebladet Ljosglimt vart skipa i 1947, og er eit felles kyrkjeblad for sokna Evje, Hornnes og Iveland. Desse utgjer Evje prestegjeld.

Det fyrste bladstyret bestod av Eirik Klepsland frå Evje, Berhard Eidem frå Hornnes, Olaf Gaudestad frå Iveland, og sokeprest Sefland. Logoen vart teikna av målaren Harald Lund.
Dei fyrste 25 åra kom bladet ut i A4 format med 4 sider. Formatet vart så omgjort til A5 med 8 sider. I realiteten same stoffmengde, men i anna format. Det skulle kome ut med eit nummer kvar månad. I praksis vart enkelte nummer utgjevne som dobbeltnummer med til dømes 12 sider. I åra 1988 til 2002 kom bladet ut med 7 nummer kvart år. 4 utgåver i vårsemesteret og 3 utgåver om høsten. Frå 2003 blir bladet gjeve ut med 6 nummer i året med et sidetal på 12. Enkelte nummer avvik noko frå denne normen. Bladet sendes ut med posten til kvar husstand i prestegjeldet. I tillegg sendes det ut om lag 250 eksemplarer som adressert post utafor prestegjeldet.

Frå mai 2003 er bladet også tilgjengeleg på kyrkjelydane i Evje og Hornnes sine internettsider. Økonomien har heile tida vorte grunna på friviljuge gåver frå lesarane og utan reklameinnslag i bladet. Dette har fungert, og fungerer tålig ennå. Ein merker at utgiftene auker, og diverre enkelte år strekk ikkje inntektene heilt til.

Alt arbeid med bladet er frivillig innsats utan betaling. 

Benytt derfor muligheten til å betale inn noen bladpenger når giro ligger vedlagt, eller sett inn noen kroner på kontoen du finner på denne siden, slik at Ljosglimt kan fortsette mange år fremover.
 

Har du bilder/tekst du gjerne vil ha inn i Ljosglimt. Se Ljosglimt's kontaktinfo på høyre side.


Del denne artikkel på e-post

Del artikkelen.