Vellykka Tårnagent-helg i Hornnes kyrkje
Vellykka Tårnagent-helg i Hornnes kyrkje

Vellykka Tårnagent-helg i Hornnes kyrkje

Det neste var symboljakt, og utstyrt med luper, lommelyktar og fotoapparat saumfara dei kyrkja etter symbol som var gøymt rundt omkring.

Eit av høgdepunkta (bokstaveleg talt) var besøket i kyrkjetårnet. Der stod vår gamle kyrkjetenar, Harald Kjetså, og tok imot agentane.

Ein del av laurdagen gjekk også med til å øve inn ymse innslag som var med i gudstenesta på søndagen. Dei var med i ein flaggprosesjon, dei hadde øva inn
eit par songar som vart framførte, og dei var også med på å dramatisere ein bibeltekst, nemleg flukta til Egypt.

Ei overrasking mot slutten av gudstenesta var at dei hadde festa hemmelege beskjedar under kyrkjebenkane. Så til slutt ropte dei ut til kyrkjelyden:
Viktig melding høyr no her. Sjå under benken der du er!

Som ein takk for innsatsen, både på laurdag og søndag, fekk dei utdelt ei bok som heitte: «Skatten i Liljedal». Ein stor takk også til alle dei frivillige
vaksne som gjorde dette mulig!

Gudstenesta vart avslutta med kyrkjekaffi. Om to år er 8-åringane blitt 10 år, og da kan dei bli med på «Lys Våken». Dei kan bare begynne å gle seg!

Velkommen att.

Se bilder fra lørdagen her.

 


Del denne artikkel på e-post

Del artikkelen.