Fra markeringen av Grunnlovsjubileet i Hornnes kyrkje
Fra markeringen av Grunnlovsjubileet i Hornnes kyrkje

Fra markeringen av Grunnlovsjubileet i Hornnes kyrkje

Det blei ei verdig og høgstemt markering av grunnlovsjubileet i Hornnes kyrkje søndag 23.februar.
Mange lokale krefter var med på å gjere dette til ei minnerik gudsteneste.

Fyrst må nemnast alle skuleborna både på Evje og Hornnes som har teikna og mala forskjellige kunstverk som hang på veggane da vi kom inn i kyrkja. 
Der på veggen hang også ein kopi av protokollen som vart underteikna på denne søndagen for akkurat 200 år sidan. 
Rita Flottorp hadde pynta kyrkja så fint med vakre blomar i rødt kvitt og blått. 

I sjølve gudstenesta var menighetskoret med og song salmar som høvde for dagen. Heilt i starten las Aud Helene Austegard ein prolog som var skriven av Edvard Hoem for denne gudstenesta. Elles medverka søskenparet Daniel og Hanna Moseid. Den første spelte på flygelet for oss, og søstera las frå Bibelen.

Eit av høgdepunkta var sjølvsagt helsinga frå vår eigen stortingsrepresentant, Kjell Ingolf Ropstad. Ein stor takk også til komiteen som har førebudd gudstenesta. Den bestod av Aud Helene Austegard, Ingunn Tveit, Gunda Ropstad, Jo Inge Rosseland og soknepresten.


Se bilder tatt av Gunnar Skavoll på moisund.com her.


Del denne artikkel på e-post

Del artikkelen.