Jol i Evje kyrkje, tirsdag 17.desember kl.19.00
Tradisjonar, forventningar, spenning, glede, dufter, det å reise heim til mor, bake jolekaker osb. Me har alle kjensler om kva som må til for at det skal bli ei ordentleg jol. For meg høyrer også det å vere borte frå familien, lengt, melankoli og sakn til i innleiinga på jolehøgtida. Med årets jolekonsertar ynskjer eg ilag med makelause musikarar å invitere deg med inn i mi jol. Eg lovar at du skal få nokre favorittar frå albumet "Snøen laver ned", tradisjonelle, kjende og kjære, men kanskje også heilt nye jolesongar. Eg vonar min jolekonsert kan gje deg eit lite pusterom, og tid til ettertanke i den ellers travle førjolstida.
Varmt velkomen skal du vere! God Jol!
/kim
BILLETTER fås på Hoopla (link her).
Se også info på Kim's facebook