Om dødsfall og gravferd


Ei gravferd er den siste handlinga som fellesskapen gjer for det einskilde menneske. Gravferda er ei viktig hending i familien og venekrinsen. Der tek vi farvel med den som er død. Vi takkar for livet som har vore og overlét den døde i Gud sine hender.

Kyrkja har lang tradisjon som seremonimeister i samfunnet vårt. Gravferda er dei næraste si avskil med den døde.
Ei kyrkjeleg gravferd er samstundes ei offentleg handling med gudstenesteleg karakter, som markerer at eit liv er slutt.

Livsløpet til kvar einskild blir sett inn forteljinga om Guds kjærleik og frelse og kan kvila der. Gravferdsritualet inneheld mange ulike element. Minneord, tekstar, bøner, musikk og salmar skal på ulike vis spegla det livet som blir lagt i grava og forkynna håp og trøyst til dei pårørande. Blomar og kransar uttrykker takksemd og medkjensle frå slekt, vener og andre i krinsen rundt den som er død.


Planlegginga
I dag kan eit gravferdsbyrå ta seg av mykje av det praktiske rundt ei gravferd. Den (dei) pårørande blir rådde til å ta seg litt tid til å kjenne på og snakke om kva for delar av førebuingane ein ønskjer å gjere sjølv. Her kan kyrkjelege tilsette, både prest og diakon, vere gode samtalepartnarar. Sidene som følgjer, gir meir informasjon om gravferd i Den norske kyrkja og råd til den (dei) som planlegg ei gravferd.

Her kan du finne litt informasjon og praktiske råd ved dødsfall.
 

Se også mer på Den norske kirke's sider om gravferd her. 
Her finner du mange linker og info som omhandler temaet.

 

Tilbake